Helseinnovasjonskonferansen 2021

Program 28. januar 2021

08:00 – 09:00

Mingling og digital kaffeprat

Legg sjenansen i ein skuff og ta kaffekoppen med inn i digitale minglerom! Bli kjend med konferanseplattformen og møt innovative bedrifter og arrangørane av konferansen på digitale stands

09:00 – 09:45

Helseinnovasjon – er vi der vi burde vere?

  • Velkomen
  • Helse Førde som katalysator for innovasjon
    Agnes Landstad, styreleiar i HFD
  • Helseindustri i Vestland – er vi sultne nok?
    Grete Karin Berg, Avdelingsdirektør NHO Helse
  • Helseinnovasjon i ekspressfart – behold foten på gasspedalen!
    Ole Johan Borge, Avdelingsdirektør Helseforsking og helseinnovasjon, Forskingsrådet
  • Innovasjon for inkludering av alle
    Samtale mellom Karen Dolva, Gründer av No Isolation, og konferansier Håkon Haugsbø
  • Smakebitar: Spanande innovasjonar

09:45 – 09:50

Pause

Rist på beina, fyll opp kaffekoppen og sjekk gjerne ut dei spanande bedriftene på digitale stands

09:50 – 11:00

Brukardriven innovasjon

  • Independence Gear: Løsninger for en mer selvstendig hverdag
    Carl Christian Semb, Dagleg leiar i Independence Gear
  • Teknologioptimisme med beina godt planta i klinisk kvardag
    Kjartan Olafsson, Leiar IT Utvalet til legeforeininga
  • Entreprenørielle sjukepleiarar – redninga for framtidas helsevesen?
    Gunn-Berit Neergård, Sjukepleiar, entreprenør og forskar
  • e-Helse Vestland – 2020 ei digital bråvakning for å ta i bruk teknologiske løysingar
    Annette Eri Norevik, Utviklingskoordinator USHT Vestland, prosjektmedarbeidar e-Helse Vestland
  • Paneldebatt: Offentleg-privat samarbeid – kvifor er det så vanskeleg? 
    Jørn Mikalsen, Seriegründer og forretningsutviklar Whereby
    Kjartan Olafsson, Leiar IT Utvalet til legeforeininga
    Anne Kristin Kleiven, Direktør for Fag og Utviklingsavdelinga, Helse Førde
    Kristine Kopperud Timberlid, Avdelingsleiar Innovasjon Noreg
  • Smakebitar: Spanande innovasjonar

11:00 – 11:25

Lunsjpause

Bruk lunsjen slik du ynskjer! Fyll på med mat og kaffe, og nytt tida til å besøke våre digitale standar og/eller delta i ein av våre tre lunsjdebattar. Desse er opne zoomrom der du kan gå inn for å lytte eller delta aktivt sjølv. Tema for debattane:

  • Kva hindrar bruk av innovasjon?
  • Kva skal til for å realisere ei helseklynge i region Sogn og Fjordane?
  • Korleis skaffe privat kapital til helsegründarar?

11:25 – 12:15

Akademia, helsesektoren og næringslivet: korleis skape i lag?

  • HVL som katalysator for innovasjon
    Gunnar Yttri, Rektor HVL
  • Campus Verftet – ein arena for innovasjon og teknologisamarbeid
    Jens Kristian Fosse, Dekan ved Fakultet for ingeniørfag, HVL
  • Studentcase: TYST
    Astrid Kippersund og Hilde Sørlie Nilssen, studentar ved HVL
  • Retrams AS – Jakta på gode innovasjonsløsninger i samarbeid med helsesektoren
    Stein Asle Øvrebotten, CEO Retrams AS og Viviann Torvund Danielsen, Prosjektleiar ved Haukeland Universitetssykehus
  • Droner for effektivisering av Helse-Noreg
    Lise Løvereide, Prosjektleiar Airlift Solutions AS

12:10 – 12:15

Pause

Lad opp til siste innspurt med nok ein varm kaffekopp, og sjekk ut dei bedriftene på digitale stands du ikkje rakk i forrige pause

12:15 – 13:00

Innovasjonskraft: møtet mellom fag og folk

  • Innovasjonssamarbeid med næringslivet – erfaringer fra Sunnaas
    Linda Sørensen, Leiar for Teknologisk intervensjonsenter og Lene Mosberg, Testbedkoordinator
  • Nor Tekstil AS – Best i verden på innovativ og bærekraftig tekstilservice?
    Arild Ommedal, Marknadssjef Helse
  • Kunnskapsparken Vestland: Økosystem for innovasjon
    Kjetil Kvåle, Dagleg leiar KPV
  • Kunnskapsdeling som innovasjonsverktøy – LørnTech
    Silvija Seres, Teknolog, investor, og dagleg leiar i Lørn AS

Takk for oss!

13:00 – 14.00

Konferanseplattforma er open til klokka 14. Nytt tida til å stifte kjennskap med arrangørane av konferansen og andre spanande bedrifter via digitale stands!