Om konferansen

Helseinnovasjonskonferansen er ein tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. Målet med konferansen er å vere ein relevant arena for nettverksbygging og kompetansedeling på tvers av fag folk – slik at vi saman kan finne nye løysingar for helsesektoren. Neste konferanse vert i februar 2025.

Programmet består av foredrag frå både privat og offentleg sektor, gründerar og investormiljø. Å skape rom for erfaringsutveksling og nettverksbygging vert sterkt vektlagt.

I 2025 blir konferansen arrangert for femte gong. Sjå opptak frå tidlegare år her.

Digital plattform egna for nettverksbygging  

Alle deltakarar opprettar ein brukerprofil inne på den digitale konferanseplattforma. Legg inn arbeidsplass og kontaktinfo, gjerne LinkedIn. Som deltakar kan du fritt booke møter eller knytte kontakt med andre deltakarar eller foredragshaldarar på konferansen. Du kan òg klikke deg inn på bedrifter og andre som står på digital stand, og booke lavterskel “speeddates”. Det vert sett av tid i programmet til dette, men du står fritt til å velgje andre tidspunkt òg. 

For kven?

Konferansen er for alle med interesse for helseinnovasjon; enten du er helsepersonell, techgründar, investor, næringslivsleiar, kommunalt tilsett, student eller forskar.

Alle med interesse er velkomen til nettverksbygging og læring frå eit spennande program!