Helseinnovasjonskonferansen 2022

2.-3. februar. Digital konferanse.

Inger Cathrine Bryne – Administrerande Direktør i Helse Vest

Inger Cathrine Bryne er administrerande direktør i Helse Vest. Ho er utdanna sjukepleiar, og har ein Executive Master of Business Administration (NHH). Ho har gjennom fleire år hatt ulike leiarstillingar ved Sørlandet sykehus, mellom anna som klinikksjef ved kirurgisk klinikk. Ho har òg vore divisjonsdirektør ved Kirurgisk divisjon ved Stavanger universitetssykehus og administrerande direktør same stad frå 2014 til 2020.

Håkon Haugli – Adminsitrerande Direktør i Innovasjon Norge

Håkon Haugli er administrerande direktør i Innovasjon Norge. Han er jurist og tidlegare politikar. Haugli har lang erfaring som næringslivsleiar, og var mellom anna tidlegare administerande direktør i Abelia, NHO sin forening for kunnskaps- og teknologibedrifter. 

Foto: Astrid Waller. 

Kari Eidnes Bjørkheim – Prosjektleiar i E-helse Vestland

Kari er prosjektleiar i E-helse Vestland, eit prosjekt med fokus på drift og implementering av e-helse og velferdsteknologi i kommunane i Vestland fylke. Ho er utdanna sjukepleiar med vidareutdanningar innan geriatri, helse- og sosial administrasjon, kommunal leiing, helseplanlegging og velferdsteknologi. Kari har jobba med implementering av velferdsteknologi sidan oppstarten av Lindås-prosjektet i 2012, eit forskingsprosjekt gjort i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Ho har òg deltatt i Connect, beståande av fagpersonar frå dei fem skandinaviske landa, der dei utarbeidde ein verktøykasse for implementering av velferdsteknologi. I tillegg har ho lang erfaring innan kommunal organisering og drift, og har vore leiar i kommunesektoren i over 20 år. 

Arild Kristensen – Dagleg leiar i Norwegian Smart Care Cluster

Arild er dagleg leiar for Norwegian Smart Care Cluster (NSCC). Han er utdanna siviløkonom frå Heriot-Watt University, Edinburgh, og har omfattande erfaring innan leiing, sal, entreprenør- og konsulentverksemd i selskap som IBM, Datus (iSolutions), Metier og Eskaler. Arild har fleire styreverv, og i tillegg til å vere klyngeleiar er han ansvarleg for helsesatsinga i det regionale innovasjonsselskapet Validé. 

Arild liker høgt tempo og framdrift. Selskap i vekst er noko av det som inspirerer han mest. 

Kristin Weidemann Wieland – Direktør for forsking, innovasjon og digitalisering i KS

Kristin er utdanna på NTH og NHH innan informasjonssystem og leiing. I KS har ho ansvaret for å auka forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling, for og med kommunesektoren. Avdelinga ho leiar skal òg vera ein pådrivar for digitalisering i kommunesektoren. 

Torleif Markussen Lunde – Leiar i Eitri Medisinske Inkubator

Torleif Markussen Lunde leiar Eitri Medisinsk Inkubator i Bergen,  som skal eksportera norske helseløysingar ut i verda. Han kjem frå leiinga i StormGeoeit oppstartsselskap frå Bergen som har vakse til 600 tilsette med 27 kontor verda over. Selskapet leverar software- og AI-løysingar for å optimalisera operasjonar i forhold til vêr. Kunden er både shippingbransjen og andre store bedrifter, som Facebook, Marriot, og Equinor. Markussen Lunde har doktorgrad i både maskinlæring og malaria, erfaring med store kliniske studiar, og har i fleire år jobba med klimamodellar ved Bjerknes Senter for Klimaforsking. 

Randi-Marie Pedersen – Dagleg leiar i Adfectus

Randi-Marie Pedersen er dagleg leiar og gründer av Adfectus, som utviklar ei kommunikasjonsløysing mellom barn og helsepersonell. Ho er utdanna dataingeniør og har mange års erfaring frå helsesektoren. Pedersen valde å ta mastergraden Innovasjon og Entreprenørskap ved Høgskulen på Vestlandet. Samstundes med masterskriving starta ho Adfectus, og våren 2021 kom midlar frå Forskingsrådet gjennom ordninga stundententreprenørskap (StudENT). 

Paul Joachim Bloch Thorsen – Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri Helse Bergen og medgründer Adfectus

Paul Joachim Bloch Thorsen er spesialist i Barne- og Ungdomspsykiatri, og vart i 2021 leiar for Barneposten ved Haukeland Universitetssykehus i Bergen. Frå sitt arbeid med barn har han høg innsikt i behov og utfordringar, og er oppteken av samanhengen mellom fysisk og psykisk helse. Eit av virkemidla han ser behov for, er løysingar som inneheld spillifisering. Våren 2021 var Bloch Thorsen med å grunnleggje Adfectus, og er i dag bedriftens klinisk ansvarlege. Ved sida av eit hektisk arbeidsliv er Bloch Thorsen tidlegare stuper og seinare sjef for landslaget i stup. 

Laura Kleiven – Prosessrettleiar i Innomed

Laura Laukeland Kleiven er utdanna siviløkonom, og jobbar i PA Consulting som konsulent. Via PA Consulting jobbar ho som innovasjonsrådgjevar i InnoMed, eit nasjonalt kompetansenettverk for behovsdreven innovasjon innan helsesektoren. Som innovasjonsrådgjevar ledar ho fleire pågåande InnoMed-prosjektar, og særleg prosjekt med fokus på heimesjukehus og digital heimeoppfølging. Laura har erfaring som rettleiar i tenesteinnovasjon, endringsleiing og gevinstrealisering i innovasjonsprosjekt i helse-og omsorgssektoren. 

Sofie Anderholm Strand – Seniorrådgjevar i Forskningsrådet

Sofia Anderholm Strand er nasjonal kontaktpunkt (NCP) for helseklynga og Mission Cancer i Horisont Europa, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Som NCP jobbar Sofia for å auka sjansane til norske miljø å nå opp i konkurransen om midlar til helseforsking og helseinnovasjon i EU. Med djupnekunnskap om utlysingane rettleiar ho søkarar i prosjektutforming og gjennom søknadsprosessen. Sofia har bakgrunn innan biologi og brei erfaring frå forsking, forskingsstønad og prosjektkoordinering. 

Margarethe Biong – Seniorrådgjevar helseforsking og helseinnovasjon i Forskningsrådet

Margarethe Biong jobbar med innovasjon i helsenæringa, og er nasjonal kontaktpunkt (NCP) for Helseklyngen i Horisont Europa (HEU), samt for helsepartnerskapet Innovative Health Initiative (IHI). Ho jobbar for å muliggjere innovasjon og utvikling hos norske helsebedrifter, og for å nytte synergiar mellom dei nasjonale verkemidla og utlysningane i HEU. 

Margarethe har PhD innan molekylærbiologi og kreft, og erfaring frå privat legemiddelindustri. 

Frode Lindvik – Konsernsjef i Bano

Frode har jobba i 13 år i Bano–gruppa. Først som Fabrikksjef i Strukturplast, så som dagleg leiar i Strukturplast. I 2019 gjekk inn i rolla som Konsernsjef og leiar for både Bano, Strukturplast og Probad. Frode er utdanna ingeniør og har leiarutdanning frå Sjøkrigsskolen og NTNU. 

Bano-gruppa vart nyleg kjøpt opp av det nederlandske Private Equity-fondet Waterland, og har som mål å bli marknadsleiande på helsebad i Europa innan få år. Høyr Banos spennande reise frå produktutvikling til nye marknader i Europa! 

Michael Sautter – Chief Learning Officer i Laerdal Medical

Michael Sautter har jobba med problemstillingar i grensesnittet mellom helse, utdanning/pedagogikk og teknologi i over 20 år. Dei siste 17 åra har han jobba i ei internasjonal rolle i Leardal Medical, med vår misjon «Helping Save Lives». Han har ei særleg interesse for korleis vi kan skape ein betre balanse mellom «input-faktorar» som opplæring, utdanning og kvalitetsforbetringsinitiativ på den eine sida, og «output-faktorar» som målbare resultat og forbetringar på den andre. 

Martin Kurz – Medisinsk leiar i SIRENS Stroke

Martin Kurz er seksjonsoverlege og leiar for slageininga ved Stavanger Universitetssjukehus, og dessutan professor ved Universitetet i Bergen. Han har lang erfaring med kvalitetsforbetring av behandling av hjerneslag, og i 2014 og 2018 fekk han kvalitetsforbetringsprisen i Helse vest. Martin har publisert over 50 fagfellevurderte artiklar, enten som forfattar eller medforfattar. Han er leiar av Norsk Hjerneslagsforening. 

Johan Ravn – CEO og medgründer i Medsensio

Johan Ravn er utdanna informatikar ved Universitetet i Tromsø. Resultata frå masteroppgåva hans vart grunnlaget for selskapet Medsensio. Selskapet utviklar eit digitalt stetoskop som kan avsløra diverse lungesjukdommar, og ved hjelp av kunstig intelligens optimalisera behandlinga. I 2021 mottok dei UiTs Innovasjonspris 2021. Johan har sidan stiftinga av Medsensio i 2017 jobba som CEO, med særskilt fokus på strategi og teknologiutvikling. Han har òg overordna ansvar for regulatorisk samsvar.

Christian Moltu – Psykologspesialist, professor, grunnleggar og styreleiar i Norse Feedback

Lars Fredrik Tvinde – Fagansvarleg hygiene & smittevern i Decon X

Lars Fredrik Tvinde er sal- og marknadsansvarleg i Decon-X. Han er utdanna innan elektro- og automatiseringsteknikk, samt i innovasjonsleiing og kommersialisering av FoU. I tillegg har han vidareutdanning i hygiene og smittevern. Lars Fredrik har i mange år vore aktiv volleyballspelar i toppidretten, både på klubb og landslagsnivå. 

Decon-X forebyggar og stoppar smitte med kunnskap og teknologi, mellom anna ved å tilby smittevernkurs og teknologi som desinfiserar rom og utstyr, kvalitetskontroll og sjekklister for eit godt smittevern. 

Kari Øritsland – Forretningsutviklar i VIS (Vestlandets Innovasjonsselskap)

Kari jobbar som senior forretningsutviklar i VIS, med forskardreven innovasjon og utvikling av helseklynga Norwegian Smart Care Cluster Vestland. Utdanningsløpet hennar spenn frå kunsthistorie, strategifag, innovasjon og forretningsutvikling, og ein Executive MBA frå NHH. I løpet av karriera har Kari stått i gründerskap, jobba internasjonalt med design og marknadskommunikasjon, og starta designklynga og Kunstgarasjen i Bergen. På fritida rettleier ho familiemedlemmer som er gründarar. For tida er ho spesielt oppteke av utvikling av økosystem og systemisk innovasjon. Fokus er helseprosjekt og det marine feltet. Med bakgrunn frå design- og konsulentbransjen, bidreg ho til ny metodikk og visualisering av tenester, system og prosessar. Resultata bidrar til auka forståing av heilheit og kompleksitet i innovasjonsforløp- frå behov til implementering og skalering. 

Magnar Høyvik – Dagleg leiar i Avans Soma

Magnar Høyvik er utdanna bedriftsøkonom, og jobbar i Avans Soma AS som avdelingsleiar for Arbeid og Inkludering. Han grunnla Avans AS i 2005, og bygde opp bedrifta frå grunnen til å levere journalsystem til 90 institusjonar som leverer tenester innan rehabilitering i spesialisthelsetenesta og innan attføring. Firmaet er no eigd av Carasent AS, eit svensk investeringsselskap. Som avdelingsleiar jobbar han med å samle kompetanse og teknologi frå fire ulike journalsystem til ei framtidig og heilskapleg løysing for Carasent AS, i tillegg til å levere innovative tenester til bedrifter innan arbeid og inkludering. 

Jo-Inge Gåsvær – Fagkonsulent i Avans Soma

Jo Inge Gåsvær har hovudfag i idrett og er i dag nærings-Ph.D.-kandidat ved Høgskulen på Vestlandet og fagkonsulent i Avans Soma AS. Forskingsinteresse og jobb handlar om å utvikle løysingar for å bidra til gode behandlingsprosessar gjennom teknologi Avans Soma AS har utvikla. Målet er å forenkla, kvalitetssikre og effektivisere fagfolka sin arbeidskvardag samtidig som pasientar skal oppleve medverknad i eiga behandling. Og i tillegg gje moglegheit for å involvere andre interessentar i behandlingsprosessen. 

Sigrid Petersson Nedkvitne – Barnevernspedagog og gründer i Friskus

Sigrid Nedkvitne er utdanna barnevernspedagog med master i helse og velferdsleiing (pågande). Ho er òg grunnleggar og dagleg leiar i sosialentreprenøren Friskus; ein kompetanseorganisasjon for implementering av velferdsteknologi, og levarense av portalen friskus.com. Etter erfaring som NAV-leiar og leiar for helsetenester, valgte Nedkvitne i 2017 å bli ein av få kvinnelege IT-gründarar og jobbskaparar. To år på rad er ho kåra til ei av Norges fremste tech-kvinner. 

Den digitale infrastrukturen i Frikus, utvikla saman med offentleg og frivillig sektor, gjer det mogleg å organisere, motivere, kommuniesre, dele ut midlar, og tilgjengeleggjere tilbud til fleire. For innbyggaranae forenklar dette deltaking i aktivitet og meiningsfulle fellesskap. Samfunnsbidraget bygger opp under FNs sosiale bærekraftsmål, og har totalt motteke 20MNOK i prosjektstøtte. 

Elin Johnsen – Spesialfysioterapeut i Helse Førde

Elin Johnsen er spesialfysioterapeut i Helse Førde. Sidan våren 2018 har ho jobba med innovasjonsprosjektet Pust Deg Bedre; ein app som skal gje lungesjuke eit verktøy for å følgje opp si eiga helse. 

Per-Anders Elvertrø – Regulatorisk leiar i Inventas

Per-Anders Elvertrø er regulatorisk leiar ved Inventas AS. Som fagperson innan regulatory affairs har han meir enn 20 års erfaring frå regulatorisk arbeid i farmasøytisk og medtech-industri både i Europa, Australia og APAC-regionen. Hans erfaring inkluderar regulatoriske krav, kvalitetsstyring, risikostyring, market access, prosjektleiing og forretningsutvikling. Per Anders har blant anna jobba med utvikling av teknisk dokumentasjon og kvalitetsstyringssystem for medisinsk utstyr i henhold til kravene i ISO 13485 og MDD (93/42 EEC) og MDR (2017/745). Elvertrø er Cand. Scient. i biologi frå NTNU Trondheim. 

Riche Vestby – Innovasjonspådriver helse i Nasjonalt program for leverandørutvikling

Riche Vestby er utdanna sosialantropolog og jobbar som innovasjonspådrivar på helseområdet i Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP). Som innovasjonspådrivar er ho prosessrettleiar i mange pågåande innovative anskaffelser, og jobbar òg med kompetanseheving på området. Tidlegare har Riche blant anna jobba som fagleiar for innovasjon i KS, og som rådgjevar i tenestedesign i Halogen. 

Dag Langfoss-Håland – Leiar i Mundu

Dag Langfoss-Håland er medgründar og dagleg leiar av musikktech-selskapet Samla AS. Selskapet utviklar Mundu, ein musikk- og helseapplikasjon for personar med demens. Gjennom musikk og bilete frå eiget liv får personar med demens – og alle som står dei nært – ein moglegheit til å skapa gode augeblikk, forbetra helse og fornya livsglede. Idéen til Mundu har opphav frå NKS Olaviken alderspsykiatriske sjukehus. Med Olavikens faglege påverking har Mundu sterk rot i musikkterapiens prinsipp. Dag brenn for å gjere musikkens dokumenterte helsebringande kraft allment tilgjengeleg gjennom Mundu. 

Mundu oppstod frå musikktech-selskapet Soundio, som vart starta av Dag, Pål Wagtskjold-Myran og Erlend Hausken i 2014. Selskapet har vore grobotn for fleire prisvinnande musikkapplikasjonar og la òg grunnlaget for eit eiga UK-selskap, Voisey Entertainment i 2018. Appen Voisey fekk raskt internasjonal oppmerksemd og vart selt til Snap Inc. i 2020. 

Dag har lang bakgrunn i musikkbransjen og har jobba som eksklusiv agent for fleire kjende artistar, som Eva Weel Skram, Madcon og Raga Rockers. 

Rune Wilhelmsen – Salsdirektør i Tellu

Rune Wilhelmsen er salsdirektør i Tellu. Han er utdanna sivilingeniør innan elektronikk og har tilleggsutdanning innan økonomi og leiing. Rune har hatt fleire forskjellege leiarstillingar i Telenor, innan båe tekniske og kommersielle områder. Han har òg hatt ansvar som regiondirektør, og vore ansvarleg for forretningsutvikling i nye satsingsområder. Han er teknologiinteressert og brenner for å forstå korleis teknologi kan gjere ein praktisk forskjell og skape verdi. Dei siste åra har Rune arbeida med e-Helse-satsinga i Telenor, som i fjor vart vidareført i Tellu. Tellu har dedikert fokus på tryggleiks- og mestringsteknologi og utvikling av ein dedikert e-Helse-plattform. 

Ingvald Grindheim – Dagleg leiar i Grasp

Ingvald er dagleg leiar i Grasp AS. Han er utdanna sivilingeniør i Elkraft frå NTNU, og har ein EMBA ved Skema University. Ingvald har lang erfaring innan prosjektleiing av komplekse byggeprosjektar og oppbygging av nye selskap. Grasp har utvikla ei løysing som let pasientar og helsepersonell registrera, overvake og analysera pasientopplevingar i sanntid. Vårt mål er å erstatte dagbøker, spørjeskjema og andre verktøy som i dag benyttast for sjølvrapportering, og legge til rette for at vi blir meir nøyaktige og effektive i behandlingen av pasientar. 

Kristine Kopperud Timberlid – Avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland

Kristine er avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland. Ho er utdanna statsvitar frå Universitetet i Bergen, Sciences Po og College d’Europe i Brugge. I Innovasjon Norge Vestland er ho ansvarleg for internasjonal vekst og regional utvikling. 

Thomas Berge – Dagleg leiar i Peak Venture

Thomas er dagleg leiar i Peak Venture. Han er utdanna siviløkonom frå NHH og har lang erfaring frå investeringar og verdiutvikling i tidlegfaseselskap. Peak Venture er eit investeringsfond og investornettverk. Fondet investerar i vekstselskap i tidleg fase, med kapital frå 30 private investorar og gründarar i regionen. 

Anne Kristin Kleiven – Utviklingsdirektør i Helse Førde

Anne Kristin Kleiven er utviklingsdirektør i Helse Førde. Ho er utdanna sosionom, har vidareutdanning i barnevern og master i helse- og velferdsleiing (HVL). Ho har leiarerfaring frå kommunal helse- og sosialteneste, stat (Bufetat) og dei siste 10 åra i spesialisthelsetenesta. Ho leier i dag Fag og utviklingsavdelinga som mellom anna arbeider med kvalitet og pasienttryggleik, kompetanseutvikling, forsking, innovasjon og samhandling. 

Monica Wammen Nortvedt – Prodekan for samhandling på Fakultet for helse- og sosialvitskap
HVL

Monica er prodekan for samhandling ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, HVL. Ho har eit strategisk ansvar for fakultetets samspel med praksisfeltet og med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Prodekan skal vidareutvikla Fakultetet som ein regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør, og legge til rette for innovasjon og entreprenørskap. Prodekan skal vidare sikre heilheitleg campusutvikling ved alle høgskulen sine campus, og bidra til tverrfagleg og interfakultært samarbeid. 

Bjarte Wetteland – Avdelingsleiar, IKT&Bygg/prosjekt i Sykehusinnkjøp HF

Bjarte Wetteland starta som leiar for «IKT&Bygg/Prosjekt»-avdelinga i Sykehusinnkjøp divisjon Vest i byrjinga av januar 2019. Han har brei erfaring innan økonomi/administrasjon, innkjøp og logistikk i offentleg og privat verksemd. Han kom til Sykehusinnkjøp etter 11 år ved rederiet Odfjell, mellom anna som VP Procurement&Control i Ship Management-avdelinga. Før det har han 23 år i Sjøforsvaret med erfaring frå forskjellege stillingar, mellom anna som delprosjektleiar i fregattprosjektet og som assisterande marineattaché i Washington, DC. Han har utdanning frå Sjøkrigsskolen og Noregs Handelshøgskule, samt Bergen Maritime Skole. 

Lars Peder Bovim – HVL/ Leiar Energisenteret for barn og unge i Helse Bergen

Lars Peder Bovim er leiar for Energisenteret for barn og unge i Helse Bergen, med ein bistilling på SimArena ved Høgskulen på Vestlandet. Han er fysioterapeut med master i fysioterapivitskap, og har gjennom delt stilling mellom helse og høgskule jobba aktiv for å koble teknologi og helse der det er hensiktsmessig. Særleg gjennom studentdrevne utviklingsprosjektar. Eit tema som har fått ekstra fokus er bruk av virtuell realitet (VR) i pasientbehandling, mellom anna med det pågåande, prisvinnande prosjektet VR Walk – Motiverende gangtrening. 

Mats Johannesen – Psykologspesialist i Sykehuset Østfold

Mats Johannessen er psykologspesialist i klinisk voksen og arbeidar ved Nevrologisk poliklinikk og Barne- og Ungdomshabiliteringstenesten i Sykehuset Østfold. For tida tek han ei spesialisering i nevropsykologi og foberedar eit doktorgradsløp som munnar ut i prosjektet han vil presentera ila. konferansen. Som gamer brenn Mats spesielt for implemtering av helsebringande gamifisering inn i somatikk og psykisk helsevern. Mats har brei behandlingserfaring innan rusfeltet, samt barne- og voksenpsykiatrien. Han har særleg kompetanse vedrørande psykosetematikk, sexologi og differensialdiagnostisering. 

Anne Mette Hjelle – Årets konferansier

Anne Mette Hjelle er ein allsidig konferansier. Ho har lang erfaring frå medie- og kommunikasjonsbransjen, både som journalist, vaktsjef og rådgjevar i eige selskap. Ho har også 10 års erfaring som kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Anne Mette held i dag til i Førde, der ho driv eige selskap. Mellom anna jobbar ho med IT-Forum Vest. Ho er ein del av Peak Sunnfjord-miljøet og investeringsfondet Peak Venture.